Der jolestjerna er
«Ein ser ingen stjerner der sola er», seier eit gamalt ordtak. Det er freistande å leggja til at ein i dag ikkje ser so mange stjerner når sola har gått ned heller, fordi me auser ut so mykje kunstig ljos.
Men om ein kjem seg bort frå tettbygde strok og står ute ein stjerneklår kveld, ser ein stjernehæren og minnest den kjende verslina til Henrik Wergeland: «Klag ikke under Stjernerne over Mangel paa lyse Punkter i dit Liv.»
Sola er ei stjerne, men når me høyrer ordet stjerne (norr. stjarna), tenkjer me ikkje på ei ovstor kule. Me tenkjer på ein fjern himmellekam som er synleg som ein lysande prikk. Mange av oss uttalar ordet slik det er skrive, med tydeleg t. Men det er uttalen med sj-ljod (jf. svensk stjärna) som er ljodrett (d.e. i samsvar med vanlege ljodendringar). Det er nok framleis liv i norske talemålsformer som sjærne, sjenne, sjødna og sjydna, men t-en snik seg ofte inn.
Slektstreet til stjerne er stjernespekka. Her finn me til dømes tysk Stern, engelsk star, gresk aster (jf. astronomi, astrologi, asterisk mfl.) og latin stella (jf. konstellasjon, interstellar). Det er elles vorte vanleg å nytta dei greske namna på himmellekamane. Me har planet, som kjem frå gresk planetes (asteres) (‘vandrande (stjerner)’), og komet, frå gresk (aster) kometes (‘(stjerne) med hår’). Kva med å blåsa stjernestøvet av orda vandrestjerne og halestjerne?
Mange av orda og vendingane med stjerne er lette å skjøna. Ei leiestjerne (eig. ‘vegstjerne’) er noko som tener til rettleiing eller rettesnor. Om me tek i av all kraft eller får eit slag mot hovudet, kan det flimra for augo («sjå stjerner»). Det er mykje som skil sjøstjerner, skogstjerner, adventsstjerner og stjerneskrujarn, men det er noko med forma deira som bind dei i hop. Sidan mange har meint at det er eit samband mellom stjernene og lagnaden, har me ordlag som «vera fødd under ei lukkeleg stjerne» og «det står skrive i stjernene» (jf. òg stjernetyding, stjerneteikn).
Nokre drøymer om å eta på eit «femstjerners» hotell, andre vil verta filmstjerne, rockestjerne, langrennsstjerne eller eit litterært stjerneskot. Å bruka stjerne på desse måtane er temmeleg nytt. Nokre tykkjer at stjernene får for mykje merksemd, og vonar at heile stjernedyrkinga snart går på ein stjernesmell.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.