Eineveldet
Valdsbruken i eit velde kan vera veldig varierande. Det er nok meir vald i eit skrekkvelde enn i eit skjemavelde, men faren for blind vald finst vel overalt? I alle fall kjem velda i mange utgåver: Me har samvelde, framandvelde, terrorvelde, klassevelde og ein heil hop med «yrkesrelaterte» veldevariantar, som prestevelde, professorvelde, kjøpmannsvelde og ekspertvelde attåt tsarvelde, kongevelde og so frametter. Det er lett å verta overvelda.
Arveordet velde er i ætt med vald, som er avleitt av verbet valda (norr. valda ‘råda med, orka; ha makt over; gjera, vera årsak til’). Den tyske forma av verbet er walten (‘herska, råda’), som har gjeve oss lånorda valta og forvalta. Valta rimar med skalta (‘styra, stella’), og dei som «skaltar og valtar», styrer som dei sjølve vil. Ein annan slektning av velde er latin valere (‘vera kraftig, sterk; vera mektig, gjelda; herska’ o.l.), som høyrer saman med lånorda valens, valør og valid.
Norrønt vald og veldi overlappar kvarandre på nokre punkt: Båe vart nytta om ‘makt, herredøme’ og ‘land som ein råder over, embetsområdet, rike’. Vald var dessutan inkjekjønnsord, slik det framleis er i islandsk, færøysk og svensk (våld). Sameleis i landsmål, men etter kvart har det vorte vanleg – kanskje etter påverknad frå dansk og bokmål, der vold er hankjønnsord – at nynorskskrivarar vekslar: Vald i tydinga ‘bruk av fysisk makt, maktmisbruk’ er ofte hankjønnsord («valden aukar»), medan vald i tydinga ‘makt, rådvelde; område’ er inkjekjønn («ha nokon i sitt vald»). Merk elles at når me vil at einkvan skal fara langt av garde eller jamvel til helvete, kan me setja vald i hop med fanden, pokker og dilikt: «Dra pokker i vald!»
I ordtaket «stort vald krev stort vit» er det nok tale om stort rådvelde (råderett), ikkje fysisk makt og maktmisbruk. Både vituge og uvituge folk kan endå opp som valdsforbrytarar og valdtektsforbrytarar. Meir uvisst er det om filmar og spel med sterke valdsscener kan valda valdsbylgjer i den røynlege verda. Me skal i alle fall hugsa at det er mogleg å øva vald utan at me beint fram skader nokon, til dømes om du gjer vald på helgestemninga eller ein uskriven regel. Konklusjonen er likevel at ikkjevald er betre enn vald. For det er nok sant som dei seier: Vald avlar vald.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.