Ingen spøk
Vegen frå spøk til alvor er ofte stutt. Ein uskuldig spøk kan få katastrofale fylgjer, og jamvel spøkjefuglar kan verta spake av spøkjelseshistorier. Spøkeri er slett ingen spøk – eller er det nettopp det det er?
Jamvel om me som oftast brukar spøk i tydinga ‘skjemt’ og spøkeri i tydinga ‘skrømt’, kan me fint snu på det og bruka spøk om ‘skrømt’ og spøkeri om ‘skjemt’. Slik bruk av orda er i alle fall registrert i norske talemål. Sant å seia har ‘skjemt, moro’ vore hovudtydinga til spøkeri, og dersom noko var ‘ret alvorligt’, kunne folk seia at det var «spøkrilaust» (jf. Norsk Ordbog). Men korleis kan eit ord femna både fælslege attergangarar og stor moro?
Lat det fyrst vera sagt at spøk-orda ikkje har det same tydingsspennet i alle språk. Engelsk spook (‘skrømt; spion’) og spooky (‘nifs’) har halde seg i det uhyggjelege stroket. Tysk Spuk kan tyda både ‘skrømt’ og ‘spetakkel’. Svenskane har spöke (‘skrømt’), men skjemtsame spök-ord er det smått med. Derimot kan dei «spöka ut» og «spöka till sig»: kleda seg på ein måte som vekkjer merksemd, spjåka seg ut – slik me òg kan spøkja oss ut og spøkja oss til. Men i grunnen veit me lite om denne ordflokken, bortsett frå at han er germansk og at det i norsk og dansk er vanleg å bruka spøk om livleg og skjemtande framferd. Tydingsskiftet til spøk kan ha vore slik: frå ‘uhyggjeleg el merkeleg vesen’ til ‘underleg el festleg person, skøyar’ og ‘uroleg åtferd, leik, noko ein gjer for moro’.
Me kan i alle fall slå fast at me reagerer ulikt når nokon slår ein spøk, dreg ein spøk eller gjer noko på/for spøk. Nokre er med på spøken, men det finst òg folk som ikkje toler ein spøk. Dei er vel ikkje til å spøkja med? Dessutan hender det at me spøkjer og ler samstundes som alvoret spøkjer i tankane. Kan henda ottast me krig og inflasjon: Både krigsspøkjelset og inflasjonsspøkjelset har halde folk vakne om natta. Me kan i grunnen seia at det meste som er truga og omkransa av vonde varsel, er utsett for ein lei spøk: «Det spøkjer for freden.» «Det spøkte for OL-deltakinga hennar.» Den slags er det ikkje lett å slå bort i spøk. Men når noko ser spøkjeleg (farleg, fælsleg) ut, gjeld det å finna ut om du har grunn til å vera redd, eller om du rett og slett ser spøkjelse på høgljos dag.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar. E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.