Iransk kvinne avslørte Fide
Bayat sytte for ein PR-katastrofe for russiskstyrte Fide då ho skreiv om saka si og publiserte desse to bileta på Twitter.
Om nokon skulle vera i tvil om hykleriet og dobbeltmoralen i Fide, vart verdssjakkforbundet denne veka avslørt av Shohreh Bayat (35). Problemet til forbundet er i stutte trekk: Jamvel om den russiske Fide-presidenten Arkadij Dvorkovitsj og pampane hans har både sjakkinteresse og organisatorisk kompetanse (Dvorkovitsj var sjef for fotball-VM i 2018), er dei dømde til moralsk tap så lenge dei økonomisk og politisk må spela på lag med Kreml.
Bayat tek ikkje nokon drit frå nokon. Som jentunge vart ho iransk meister i sjakk. Som vaksen gjorde ho forskarkarriere i geovitskap og deretter administrativ karriere som den fyrste kvinnelege generalsekretæren i Iran, då ho i 2017 fekk sjefsjobben i det iranske sjakkforbundet.
Ho vart òg ein internasjonal toppdomar som skapte overskrifter verda over («Frå sjakkverda», Dag og Tid 31. januar 2020) då ho som hovuddomar under VM-finalen for kvinner i januar 2020 tok av seg hidsjaben. Ho kunne ikkje returnera til Iran og flykta til England, der ho engasjerte seg i menneskerettar. Ho fekk i 2021 prisen International Women of Courage Award frå det amerikanske utanriksdepartementet.
Som domar under VM i fischersjakk på Reykjavik i fjor haust bar ho T-skjorta «Women, Life, Freedom». Men sportsvaskarar på ein fotballbane i Qatar eller på eit russisk sjakkbrett hatar T-skjorter, for med ei T-skjorte kjem det frie ordet trykt på brystet. Fide-presidenten, som kjenner den russiskvenlege toppleiinga i Iran, tok personleg affære og kravde at Bayat kledde seg sømeleg. Men menn med makt kan ikkje lenger fortelja ei fri iransk kvinne korleis ho skal kle seg.
Dagen etter kom det geniale mottrekket frå Bayat då ho utførte domargjerninga i ei elegant drakt i ukrainske fargar. Fyrst Iran, så Ukraina… Det vart for mykje for Fide, som diskret gav toppdomaren sparken. Men menn med makt kan ikkje lenger få ei fri iransk kvinne til å teia. Ho avslørte hykleriet i sosiale medium. Med tusenvis av delingar spreidde historia seg, og Fide vart sjakkmatt.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.