Karpov i svime
Anatolij Karpov, tidlegare verdsmeister i sjakk.
Foto: Erlend Aas / NTB
Etter at Bobby Fischer døydde i 2008, er Anatolij Karpov (71) den einaste som ope reknar seg som den beste sjakkspelaren i historia. Dei to som faktisk er best, Kasparov og Carlsen, seier at det ikkje er deira oppgåve å svara på det spørsmålet. Men Karpov svarar meir enn gjerne og listar opp alle moglege rekordar og selektive reknestykke.
I boka Sjakkgeniene rangerte eg Karpov som nummer 7. Som sjuåring spela «Tolja» for den lokale metallurgiske fabrikken i Uralfjella, der han voks opp. Gutungen var så god at han snart vart teken med til storbyen Tsjeljabinsk for å utfordra laget til traktorfabrikken. Sidan gjekk det slag i slag. Han vann VM-tittelen på walkover mot Fischer i 1975. Dei neste ti åra var han den dominerande turneringsspelaren i verda. Og han heldt eit så høgt nivå at han ufriviljug dyrka fram ein sjakkgud i unge Kasparov. Garri Kasparov, som vart verdsmeister i 1985, trong motstanden frå den røynde Karpov for å kunna ta sjakken til eit nytt nivå.
Karpov var i Noreg i 1984 og 1991. Han gav eit godt inntrykk, som ein hyggjeleg og fin sjakkambassadør. Men bak fasaden finst ein opportunisme som grensar til vondskap. Om ikkje anna er opportunismen konsekvent: Karpov har alltid vore på lag med regimet. Han var gullguten til Brezjnev som på eit kjent fotografi frå 1978 synte ein triumferande sigersgest med knyttneven etter Karpovs VM-siger mot avhopparen og folkefienden Viktor Kortsjnoj.
Som Duma-representant har Karpov stødd Putin i alt. Absolutt alt. Gamalkommunisten Karpov følgjer partilina og er i dag ortodoks kristen. Fremst på dagsordenen står kampen mot homoane i vesterveg. Karpov har ikkje berre røysta for krigføringa i Ukraina, han har gått mykje lenger. Russiske sjakkspelarar som kritiserer Putin, er landssvikarar, ifølgje Karpov.
Så kom ulukka i slutten av oktober: Karpov vart funnen på gata i Moskva med hovudskadar. Han låg i koma på sjukehuset. Karpov seier at han trur han vart angripen bakfrå. Då han vart friskmeld etter ein månad, gjekk han til åtak på store delar av russisk sjakk: alle dei som i mars i år, før den totale sensuren overtok, hadde skrive under eit opprop mot krigen.
Karpov stødde no i desember Sergej Karjakin som ny president i det russiske sjakkforbundet, med von om ei hardare line mot Ukraina og vestleg dekadanse. Karjakin tapte valet til Putin-oligarken Andrej Filatov. Karpov, Karjakin og Filatov er alle på den ukrainske sanksjonslista.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.