Massemønstring
Me er mange som vil skilja oss ut frå massen, men korleis gjer me det? Held oss unna massemedia og sleipe freistnader på massesuggesjon? Den som er glad i hjernemassen sin, lyt i alle fall trekkja seg unna når masseslagsmåla dreg i gang.
Dersom me held oss til den opphavlege tydinga av masse, kan me seia at masseproduksjon er å setja ein deig, for masse har grunntydinga ‘mjøldeig’. Med tida har deigen est ut, og masse har fått ein masse tydingar, til dømes ‘(formlaust) stoff, råvyrke’ (jf. papirmasse, kokosmasse); ‘eigenskap ved alt stoff’ (i fysikk, jf. «treg masse», masseeining); ‘stor mengd’ («eg tente masse pengar»). Faktisk har det gått så langt at dette ordet for ‘deig’ no vert nytta om folk flest, dei breie laga av folket: «Den politiske leiinga hadde liten kontakt med massane.»
Merksemda om massane vart særleg stor i dei siste tiåra av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Mange av masse-orda våre dukka opp då, til dømes masseproduksjon, massehysteri og massemord. Masse er i grunnen eit lettvint ord: Det målber stutt og greitt at mange menneske har delteke i eller råka ut for noko. Me har massearrestasjonar, massegraver, massemøte, masseutrydjing og massedemonstrasjonar. Men i tillegg til å vera praktisk, har masse òg ein svip av noko låkt og smaklaust. Det er kanskje ikkje so underleg, for massegreiene gjeld og retter seg mot dei mange, ikkje dei få – det er svært lite eksklusivt. Turisme er ille nok i seg sjølv, men masseturisme, huttetu! Og so har me massekulturen, som er motstykket til elitekulturen og difor har ord på seg for å vera enkel og overflatisk.
Dei av oss som tykkjer det er strevsamt med kultur og litteratur og slikt, kan bruka tida på meir handfaste massar. Me kan til dømes laga vegmasse eller granska bustadmassen. Eller me kan springa ikring og opp på store fjellmassiv, men då lyt me akta oss for ugreie lausmassar, ismassar, frodande vassmassar og andre farar. Det skal visst òg vera mogleg å auka muskelmassen. No ved joletider er det mange som vil dytta på oss masseprodusert mandelmasse og andre godsaker, og på nyåret kjem dei ilande med kurar som skal hjelpa oss med å få ned kroppsmasseindeksen (BMI). Me kan soleis seia at me er og blir masse, anten me skil oss ut frå massen eller ikkje.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.