På tøyingsgrensa
Den som ikkje tøyer ut, kan lett få strekk – eller korleis var det no att? Kan fortøying hjelpa mot forstrekking? Tvillaust er det i alle fall at dei må kunna tøya tolmodet sitt, dei som bur i lag med folk som støtt skal tøya strikken.
Sambandet mellom tøying og fortøying er endeframt. Låneordet fortøying – frå lågtysk eller nederlandsk – er i ætt med ord som tau og tog. Det same gjeld verbet tøya (norr. teygja), som me òg finn i islandsk (teygja), færøysk (toyggja) og svensk (töja). Ordet er òg i bruk i nokre danske målføre, men danskar flest nyttar strække i staden. Til grunn for tøya og fortøying ligg ei germansk rot som både tyder ‘trekkja, draga’ og ‘leia, føra’. Den rota har elles gjeve oss hertug (tysk Herzog, eig. ‘hærførar’), tygel og truleg taum, som me kjenner frå ordlag som «køyra nokon med stramme tyglar» og «gjeva nokon frie taumar».
Taumar og tyglar kan vera tenlege reiskapar, men dersom du vil koma til makta – og halda på henne – på fredeleg vis, må du òg læra deg å fira på krava, vera tøyeleg og «gjeva tøyg» (‘lata seg tøya’). Om du tøyer deg langt i nokre saker, kan du kanskje sleppa unna med å vera stiv og strid i andre. For me kan ikkje støtt få det som me vil: «Ein lyt no stundom tøya seg og stundom bøya seg.»
Men det finst mange måtar å tøya seg på. Me kan tøya armane i vêret og tøya oss etter høge ideal. Jamvel kroppsleg vokster vert kalla tøying: «Dottera hadde tøygt seg mykje sidan sist.» Likevel finst det grenser for kor langt me kan tøya oss, og grensa er ikkje den same hjå alle. «Han er ikkje lang å tøya», kan me seia, om me vil målbera at einkvan toler lite og lett vert sint. Me har soleis ulik tøyingsevne (tøyingsgrense, tøyingsmon, tøyingsstyrke), og slik er det med andre emne òg: Nokre stoff «har god tøyingsevne» og «gjev god tøyg», andre slitnar med ein gong. Ikkje sjeldan høyrer me at noko – reglar, grenser, definisjonar – vert tøygde vel langt eller vert tøygde til brestepunktet. Nokre tøyer praten for å tøya ut tida, dimed får me langtøygde møte og samtalar. Kanskje somlepavane får fart på seg om du slår om til islandsk og finn fram eit teygjulak (‘strekklaken’) og ei teygjubyssu («tøyebørse», dvs. ‘sprettert’) og trugar med at dei har tøygt teygjuna (‘strikken’) for langt?
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.