Møkmoking
Mange har moka mykje snø alt, og meir skal det nok verta. Til alt hell er ikkje all moking like krevjande som snømoking: Det er temmeleg lett å moka frå seg ein ball og moka i seg snop. Verre er det å prøva å skilja to som vil moka til kvarandre, og endå verre er det å bli moka ned av ei fartsbølle. Men kva driv dei med, dei som er på mokefiske?
Det ser ut til at den verksemda me kallar moking, opphavleg hadde med møk å gjera. I alle fall er møk og moka i ætt, og det fell lett å tenkja at grunntydinga til moka var ‘skuffa bort dyremøk’. I norrønt hadde verbet fått tydinga ‘skuffa, skyfla’. Du kunne «moka moldu» (skuffa jord) og «moka flór» (gjera reint i flor/fjøs). Det er soleis lang tradisjon for å nytta moka om meir enn møkmoking, men koplinga til møk og anna ureinske er ikkje heilt broten. Her finst gamle ordtak som «moka hæder åt reka; ho er ikkje reinare sjølv»: Den eine skitne skuffa (moka) spottar den andre (reka) – det er som når kjelen ler åt gryta, og so er dei svarte båe. Merk elles at me stundom legg vekt på det me mokar bort («moka snø, jord»), andre gonger nemner me staden me mokar eller det som kjem fram når me mokar («moka oppkøyrsla», «moka seg veg»).
Me kan sjølvsagt moka utan å nytta snømoke, fjøsmoke eller andre mokereiskapar. Den som mokar ein bråkmakar ut frå festlokalet, plar nytta si eiga muskelkraft. Dessutan kan du moka ut or deg mykje ved hjelp av taleorgana, og du kan moka inn pengar medan andre gjer skitarbeidet. Men det hender òg at mokinga ber til utan at folk er innblanda. Nokre stader kan dei seia «han/det mokar ned» når det fell snø i store mengder. Hovudregelen er likevel at det er me menneske som mokar, og at moking er mødesamt. Det gjeld anten me mokar snø, møk, oss sjølve («ho moka seg av garde») eller andre folk («han moka foreldra føre seg»).
Tungt er det òg når einkvan vert «moka i molda»: gravlagd. Men som det heiter i eit stev: «Eg vill’ hell eg var unde molli moka, hell sjå at du med ei onno stroka (svermar, flørtar).» Då er det morosamare med mokefisking. Verbet mokefiska og substantivet mokefiske er registrert i talemål nord i landet (jf. Norsk Ordbok), og dei vert nytta om svært godt fiske. Det er soleis ikkje tale om å moka fisken unna, men å ‘fylla, lasta (båten) full’.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar. E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.