Skalla dumskallar
Etter springskallen kjem skallebanken, og då kan skalletørkledet eller skalleplagget vera godt å ha. Slike tørklede kring skallen – med knute i nakken – vart før nytta til å lindra hovudpine. I dag har me mange andre hjelpemiddel å gripa til, men likevel valdar skallen mykje hovudbry. Kva skil skallefisken frå andre fiskar? Og har langskallane lett for å skalla oppi?
Ordet skalle har ein klang som står godt til innhaldet. Det læt sterkt og hardt, og det har meir snert enn hovud, til dømes. Skalle er i ætt med ord som skål og skjold, og orda skalle (‘panne, hovud’) og skalle (‘tradisjonell samisk fotklednad’) høyrer i hop: Fotklednaden er mellom anna laga av skinn frå skallen på reinsdyret, som so har gjeve skorne namn. Det er elles ei sterk kopling mellom skalle og hårløyse: Norrønt skalli tydde ‘snauskalle, hovudskalle’ og i overført tyding ‘skalla mann’. Likskapen med snauskallar gjer at me kan bruka skalle om ‘tørr, steinlendt jordrygg’ og ‘grunne i sjøen, banke’. Nemningane skallefisk og skallesei viser til fisk som gjerne står på slike skallar. På notskallane kan du fiska med not.
Men som oftast talar me om hovudskallen, og han kan koma i mange slags former. Best kjend er daudingskallen: den nakne, kvite menneskeskallen som ter seg på sjørøvarflagg, våpenskjold, giftmerke og anna. Ormeskallar har òg vore omtykte, og før i tida meinte folk at det å leggja ormeskallar i veggen hjelpte mot veggedyr. Ei stund var det jamvel vanleg å meina at eigenskapane til folk botna i forma på hovudskallen deira. Her fanst visst to ætter eller rasar: kortskallar og langskallar. Me talar helst ikkje om rasar i dag, men dei illgjetne «snauskallane» arbeider ihuga for å verja det nordiske folket, dei kallar. I alle fall gjeld det å ikkje stira seg blind på hovudformer. Som ordtaket seier: «Ein liten skalle kan ha mykje vit.» Og vituge menneske brukar vel skallen til andre ting enn å skalla ned folk?
Me kan i minsto slå fast at vitlaus skalle har mange namn: dumskalle, klakeskalle, kopskalle, kvimeskalle, pappskalle, saupskalle, såpeskalle, tokskalle, toskeskalle og treskalle (utval frå Norsk Ordbok). Gløgge folk kan me kalla klokskalle, eller me kan seia: «Ho er kvikk i skallen.» Og den som er lur eller rar, er «litt av ein skalle».
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.