Sovjetisk vinter
Viktor Kortsjnoj i Sveits før VM 1978.
Sovjetisk vinter
Viktor Kortsjnoj i Sveits før VM 1978.
Du får lese denne artikkelen fordi abonnerer på DAG OG TID og har delt han med deg.
Viktor Kortsjnoj i Sveits før VM 1978.
Viktor Kortsjnoj i Sveits før VM 1978.
«Winter Is Coming» heiter ei av bøkene til eksilrussaren Garri Kasparov. Men spalta i dag er ikkje metaforisk, berre konkret.
Om ein i dag pratar med unge russarar eller ukrainarar om ski, vil dei automatisk tenkja på nedoverski, altså alpint. Eg forklåra nyleg ei ukrainsk jente at langrenn, som vi likar i Noreg, er som skiskyting utan skyting. Om det er mogleg å sjå for seg noko slikt. Jau, det hadde ho sett ein gong på TV.
Men Sovjetunionen var annleis, meir som Noreg. Patriarken i sovjetisk sjakk, Mikhail Botvinnik, spela om VM-tittelen i Moskva frå 1948 til 1963. Han bad om at VM-kampane vart spela i april–mai, etter skisesongen, når formkurva var på topp.
To av VM-kampane spela han mot Vasilij Smyslov. Dei to hadde kvar sin datsja utanfor Moskva. Her var det gode skiløyper i Nikolina gora, der Botvinnik hadde ei fast rute på 15 kilometer.
Ein gong tok han med seg Smyslov på skituren. Dei stansa ved ei hytte, der ein skogvaktar med eit sjakkbrett inviterte dei inn og utfordra verdsmeistrane. Botvinnik tok motviljug eit parti, men det varte og rakk. Skogvaktaren var overraskande god og fekk remis.
I bakkane heim sa Botvinnik irritert: «Eg kunne jo ha slått han om eg ville.» «Er du viss på det?» spurde Smyslov og staka for livet. Då skjøna Botvinnik at skogvaktaren hadde fått hjelp til trekka.
I 1963 spela Botvinnik den siste VM-kampen mot Tigran Petrosjan. Armenaren voks opp i fattigdom i Tbilisi, der han drøymde om ein vinterfrakk som i Gogols novelle «Kappa». I Moskva fekk han både frakk og ski, og gjekk eit par timar kvar dag som førebuing til siger i VM-kampen.
Anatolij Karpov, verdsmeister frå 1975, voks opp i Zlatoust i Ural-fjella, det han sjølv kallar vinterhovudstaden i Russland. Ungane hadde skikonkurransar heile vinteren og gjekk på ski saman med familien i helgene. Skia spente vesle Tolja på seg rett utanfor døra.
Då Karpov møtte Viktor Kortsjnoj til hatkampar i 1978 og 1981, var avhopparen frå Leningrad godt førebudd med langrenn i dei sveitsiske Alpane. Kortsjnoj vitja òg norske fjell i Gausdal for å spela sjakk og gå på ski. Den danske verdstoppen Bent Larsen var òg på Gausdal, men ville ikkje høyra noko prat om ski: «Eg har berre eitt liv!»
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Albert Einstein då han byrja ferien med ein ni timars segltur på ein innsjø i delstaten New York i USA 3. juli 1936.
Foto: AP / NTB
I rampelyset: Norges Bondelags leiar Bjørn Gimming og landbruks- og matminister Sandra Borch heldt pressekonferanse etter semja i jordbruksoppgjeret. Om dei har jordbruket med seg, er ei anna sak.
Foto: Annika Byrde / NTB
Kva vil Alireza Firouzja med livet sitt?
Foto: Grand Chess Tour/ Lennart Ootes
Den 17. verdsmeisteren, Ding Liren, i godt humør i lag med den 13. verdsmeisteren, Garri Kasparov, under ei turnering i Romania denne veka.
Foto: Lennart Ootes

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.