Tittelen Håvamål tyder «den høges tale», og sidan Høg er eit av dei mange namna på Odin, er det vanleg å gå ut frå at det hovudsakleg er han som fører ordet her. Med sine 164 strofer er Håvamål det klårt lengste eddadiktet, og det inneheld alt frå handfaste råd om leggjetider (det er ingen skam å gå tidleg til sengs) til uutgrundelege trolldomssongar. Diktet kan ha vorte til ved at ein eller fleire «redaktørar» samla vyrke frå ulike kjelder, dikta nokre strofer som mykte opp overgangen mellom bolkane, og smidde det heile i hop. Dimed kan me seia at Håvamål er ei omarbeiding av ulike dikt og diktbolkar, men det beste er kanskje å sjå Håvamål som eit sjølvstendig og heilsleg dikt, skapt gjennom fri bruk av andre verk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.