Vidgjetne gåter
Kan giddelause folk verta namngjetne? Gjett om dei kan! Folk vert kjende for alt mogleg, og slik har det nok vore lenge, jamfør dette ordtaket: «Det vert no stundom stort gjetord av lita gjerning.» Å verta vidgjeten for noko lite og rart er kan henda betre enn å døy ugjeten (‘unemnd, ukjend’). Men er det nokon samanheng mellom å gjeta (nemna) nokon og det å gjeta dyr?
Ja, eg har ikkje høyrt anna gjete. Me kan byrja med «nemna»-verbet gjeta (norr. geta), som har sterk bøying: gjet – gat – har gjete. Det har grunntydinga ‘få tak i, gripa’. Engelsk forget og tysk vergessen vert nytta i tydinga ‘gløyma’, men strengt teke tyder dei ‘missa (taket i)’. Norrønt geta var eit vanleg ord med mange tydingar: ‘gjera, skapa, avla; få; få tak i; få gjort; nemna, tala om; meina, tru; vera nøgd med, lika’.
Islandsk geta og engelsk get (lånt frå nordisk) er òg mykje nytta, men vårt gjeta er temmeleg sjeldsynt. Når me talar om å ‘tenkja seg til, tippa’, grip mange av oss til gjetta og gissa heller enn gjeta. Orda høyrer til same ætta, men gjetta kjem frå dansk, og gissa (jf. òg eng. guess) kan vera lånt frå nederlandsk eller lågtysk eller påverka av desse måla. Den danske forma av gjeta, gide (‘kunna få seg til, orka’) har fått forma gidda på norsk og er no eit vanleg ord for ‘vilja umaka seg til, idast, orka’. Me kan òg nytta gjeta i den tydinga: «Eg gat ikkje gjera det.»
Dei nærskylde orda gjetord og gåte står støtt, og eg gjet på at namngjeten og vidgjeten har mange år framfor seg. Orda illgjeten (‘som har dårleg ord på seg, berykta’) og fågjeten (‘lite kjend eller omtala’) treng nok litt draghjelp. Det er elles gjetande – verdt å nemna – at det linne verbet gjeta (‘vakta husdyr ute på beite’) opphavleg hadde forma gjæta i nynorsk (norr. gæta). Gjeta er ei bokmålsform som har olboga seg inn i norma, og i 2012 vart gjæta skubba ut.
I dag slepp borna stort sett å arbeida som gjetarar. Men me kan gjeta meir enn dyr: Om me går og vaktar eller spionerer på nokon, kan me seia at me går og gjeter (på) dei. Å freista å finna eit høve til å gjera noko er å gjeta (på) høvet. No ved årsskiftet har me høve til å gjeta korleis det nye året vert. Gjetverk kan vera moro, det, men det er greitt å vita òg: «Ein slepp å gissa når ein har fått vissa.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.