JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Vidvinkel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2377
20170825
2377
20170825

Ein vinkel er ein vinkel same kva vinkel me ser han frå. Eller er det meir innfløkt? Det er no ikkje så lett å sjå ein innfallsvinkel, til dømes. Og kva hender med dei som «klikkar i vinkel»?

Vinkel kjem frå lågtysk, og om me fylgjer ordspora attover, kjem me til ei rot som har med svinging og bøying å gjera. Ordet vinkel kan både visa til den bøygde greia («ein spiss vinkel») og til reiskapane me lagar og måler vinklar med. Dei sistnemnde vert òg kalla vinkeljarn, vinkelhake og så frametter. I tradisjonelt folkemål var tydinga ‘reiskap til å måla vinklar med’ den vanlegaste. I alle fall var det den tydinga Aasen førte opp i Norsk Ordbog (1873) under oppslagsordet [Vinkel. Aasen sette hakeparentes framfor dei orda han tykte lite om, men som likevel laut vera med i ordboka. Vinkel hamna då i selskap med ord som behov, forbi, friheit og an (som i «det kjem an på»).

Trass i denne nedvurderinga har vinkel styrkt stillinga si og vorte eit særs vanleg ord. Som rimeleg er, brukar me vinkel når me talar om vinklar, og 901/4 går då for å vera hovudvinkelen. Han ber det ærefulle namnet «rett vinkel», og det er som regel han me meiner når me seier at noko «er i vinkel». Me kan òg bruka vinkel til å skildra eit bygg eller rom: Ei stove med L-forma grunnflate vert gjerne kalla vinkelstove. Vinkelfjøs finst òg. Elles ser me ofte at vinklane hopar seg opp, til dømes på fotballkampar. Der finn me spelarar som «vinklar pasningane», «skyt frå nesten daud vinkel» og sender ballen «heilt opp i vinkelen» (krysset).

Mest omstridde er dei vinklane som avgjer kva og korleis me ser. Når me granskar noko, er me nøydde til å sjå det frå – eller under – ein særskild synsvinkel eller innfallsvinkel, og jamvel om me legg vinn på å sjå noko frå ulike vinklar, finst det som oftast nokon som ser det frå ein annan vinkel, og som dimed har eit anna syn på saka. Synsvinkelen vår kan dessutan få oss til å vinkla tekster og utsegner på visse måtar. Då er det ikkje rart at nokon «klikkar i vinkel». Når eit skytevåpen gjev klikk i staden for å gå av, seier me at det klikkar, og derifrå har klikka fått tydingane ‘slå feil, mislukkast; missa tenkjeevna’. Korleis «i vinkel» har blanda seg inn, er meir uklårt. Kanskje vinkelen understrekar det kraftige skiftet i sinnstilstanden?

 Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis