Betre rettsvern for lærarar
Kunnskapsdepartementet føreslår å lovfesta at tilsette i skulen kan gripa inn fysisk mot elevar for å hindra skade på personar og eigendom. Til dømes at ein lærar kan «holde elever fast for å bryte opp en slåsskamp, men grepet skal ikke være sterkere eller vare lengre enn det som er nødvendig for å avverge skaden», som Kunnskapsdepartementet skriv.
Det er interessant, eller kanskje rettare sagt knapt utruleg at vi er komne dit at slike sjølvsagde ting må lovfestast. For kva anna skal ein gjera om ein elev bankar opp ein annan elev eller går til åtak på ein lærar? Stå og sjå på og ikkje gjera noko? Ein har sjølvsagt ei plikt til gripa inn – lovfesting eller ei.
Likevel, valden i skulen, både mot elevar og lærarar, har auka så mykje dei siste åra at noko må gjerast. «Lærere blir slått, sparket, lugget og får gjenstander kastet etter seg», skriv Utdanningsforbundet på nettsidene sine.
Berre i 2022 vart det i barnetrinna på bergensskulane rapportert inn 1900 tilfelle av vald. Ein rapport frå skular i Trøndelag syner at over 50 prosent av lærarane har opplevd vald i laupet av eit år.
Det er difor all grunn til å tru at lærarane stadig oftare vil måtta gripa inn fysisk mot elevar. Då treng dei eit rettsvern for å hindra at dei urettvist vert melde for å ha krenkt elevar fysisk. Ei slik lovfesting kan bidra til nettopp dette.
Kor lite som skal til for at ein lærar kan hamna i retten, syner ei sak frå 2019. Etter å ha halde ein tavleklut eit sekund eller to over munnen til ein elev som hadde bråka og kome med stygge ord, vart ein lærar meld av mor til eleven for å ha krenkt han fysisk.
Aktor la ned påstand om ei bot på 6000 kroner eller fengsel i tolv dagar. Han vart heldigvis frifunnen av ein vaksen tingrett som meinte at reaksjonen til læraren var ei grensesetjing – ikkje ei straff.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) fekk ei klar tilråing om å droppe Nord-Noregbanen i ei ny utgreiing frå Jernbanedirektoratet. Her saman med Anders Kirsebom, konserndirektør for regionale lufthamner, Sven Martin Tønnesen, avdelingsdirektør i Kystverket, Knut Sletta, jernbanedirektør, og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Foto: Fritz Hansen / Fremover / NTB
Nord-Noregbanen vert for dyr
Erna Solberg under eit intervju om avsløringane av aksjehandelen til ektemannen Sindre Finnes.
Foto: Emilie Holtet / NTB
Tilliten til statsministerembetet