Fare for attval av Erdogan
President Erdogan fekk ikkje fleirtal ved presidentvalet sist helg. Men partiet hans vann parlamentsvalet, og mykje tyder på at han vil vinna andre valrunde neste helg. Om det skjer, er det eit stort tilbakeslag for opposisjonen, som hadde stor von om å verta valvinnar.
Under Erdogan har Tyrkia gått i meir og meir autoritær retning. Oppsummeringa frå Human Rights Watch for 2022 er eintydig: Regjeringa til president Erdogan har i stort tempo og i stort omfang dei siste åra svekt menneskerettsvernet og forfølgt og fengsla kritikarar og opposisjonelle.
Lenge var det tale om at Tyrkia skulle verta medlem av EU. På EU-møtet i Helsingfors i 1999 vart Tyrkia eit kandidatland. Landet byrja tilpassinga mot EUs regelverk og arbeidet med å byggja opp stabile institusjonar som vernar om demokrati, rettsstat og ein fungerande marknadsøkonomi. I starten gjekk tilpassinga nokolunde, og i 2004 tilrådde Europakommisjonen medlemsskapsforhandlingar.
Men det heile var ei ynsketenking. Tyrkia hadde ikkje den demokratiske framgangen som måtte til. Dessutan har mange i EU vore imot tyrkisk medlemskap av frykt for auka innvandring. Brosjyren som brexitkampanjen delte ut på sjølve valdagen i 2016, handla nettopp om å skremma med eit framtidig tyrkisk EU-medlemskap.
I dag er eit Tyrkisk EU-medlemskap utan realisme. Det er til og med vanskeleg å skjøna at landet er med i Nato, etter at dei har laga store problem for ein svensk medlemskap. Men i internasjonal tryggingspolitikk trumfar geopolitisk rolle det meste.
Tyrkia er eit stort og viktig land på grensa mellom Europa og Midtausten og dessutan sentralt for å handtera flyktningutfordringane til EU. Difor veit Erdogan, om han vinn andre valrunde, at han kan tura fram som han vil, utan store internasjonale konsekvensar.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein kraftig eksplosjon ramma eit bustadområde utanfor Uppsala 28. september. Ei kvinne vart drepen.
Foto: Anders Wiklund / TT / NTB
Den dyrebare fridomen frå vald
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) fekk ei klar tilråing om å droppe Nord-Noregbanen i ei ny utgreiing frå Jernbanedirektoratet. Her saman med Anders Kirsebom, konserndirektør for regionale lufthamner, Sven Martin Tønnesen, avdelingsdirektør i Kystverket, Knut Sletta, jernbanedirektør, og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Foto: Fritz Hansen / Fremover / NTB
Nord-Noregbanen vert for dyr