Arkivet: Boom Boom
John Lee Hooker (1917–2001).
Foto via Wikipedia
Første gongen eg høyrde «Boom Boom», John Lee Hookers største hit, var i 1988, då Springsteen og bandet framførte låten på turné. Året etter var med eitt Hooker å høyre over alt, med albumet The Healer (1989), og slike som meg – tenåringar med ein usløkkeleg tørst etter å leite seg bakover i platehistoria – tok til å grave seg bakover, heile vegen til Burnin’ (1962), som straks er ute i ei jubileumsutgåve, 60 år etter albumet kom ut.
Det er nett «Boom Boom» som leier oss inn i det mange held for å vere Hookers aller beste plate, og songen hadde vorte tolka av mange artistar før Springsteen tok tak i han. Men det er sjølvsagt mangt anna å glede seg over på Burnin’.
Hovudpersonen sjølv er umiskjenneleg, både når det dreier seg om vokalen og gitarspelet, og det er lett å høyre at han fyrer opp toppfolka som er med. Fleire av musikarane hadde vore med på å lage nokre av Motowns største hits, og her er også Joe Hunter på piano, slik han var det så mange gonger med Hooker. Burnin’ byr på ganske rocka blues, det er tett, elektrisk og rått, akkurat som det skal vere.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.