Arkivet: Joni Mitchell-feiring
Bandet som hyllar Joni Mitchell, skal turnere i vår.
Foto: Svein Erik Fylkesnes
I november fyller Joni Mitchell 80 år, eit jubileum som vert markert på ulike vis verda over framover, også her til lands. Det er ikkje få som har late seg inspirere av artisten og set henne høgt. Kva kan då passe betre enn å ta ein runde til med hyllesta som var slik ein suksess under Oslo Jazzfestival i 2018?
Med kapellmeister Anja Lauvdal i spissen skal ei rekkje artistar om nokre veker på turné, og for unge og gamle Mitchell-lyttarar bør det berre vere å skaffe seg billett, først som sist: Frida Ånnevik, Susanna Wallumrød, Marianna Sangita og Sondre Lerche skal syngje, og bandet er også heilt framifrå, med Harald Lassen på saksofon, Torstein Lavik Larsen på trompet, Christian Winther på gitar, Magnus Nergaard på bass og Hans Hulbækmo på trommer. Heile åtte stoppestader vert det, med start i Stavanger 13. og avslutning i Bodø 22. april.
I haust vart det elles kjent at Joni Mitchell, som fekk ei hjernehinnebløding i 2015, om nokre månader skal stå på scenen som hovudnamn på ein konsert for første gong på tjuetre år. Det skjer i Gorge Amphitheatre i Washington laurdag 10. juni.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.