Arkivet: Roky Erickson
Roky Erickson då han spelte på South by Southwest-festivalen i Austin i 2018.
Foto: Jay Janner / AP / NTB
«Han kom frå ei anna verd.» Det var orda veteranprodusenten Bill Bentley brukte om Roky Erickson (1947–2019) – mellom anna kjend frå det banebrytande psykedeliabandet 13th Floor Elevators – på Austins NPR-stasjon då eg vitja byen i sommar. Bentley hadde formulert si radiohyllest til Erickson sjølv, i form av eit brev retta til artisten: «This is the letter I’ve been waiting to write for over 50 years.»
I løpet av vekene eg var i Austin, støytte eg rett som det var på spor etter den lokale legenda, og lytta tilbake både til gammalt og nytt, frå klassiske The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators (1966) til Will Sheff-produserte True Love Cast Out All Evil (2010).
Ericksons songar kjem artistar til å vende tilbake til lenge endå, og folk som Mark Lanegan, Neko Case og Jeff Tweedy gjorde det på ei tributeplate som kom i fjor, May the Circle Remain Unbroken. Dei som ikkje har lytta til 13th Floor Elevators før, kan sjekke ut ferske 13 of the Best (sett saman av kjennaren Paul Drummond). «Dei hadde ei kraft eg aldri har høyrt frå eit anna band, verken før eller seinare», sa Bentley til radiovert David Brown på NPR.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
«Han kom frå ei anna verd.» Det var orda veteranprodusenten Bill Bentley brukte om Roky Erickson (1947–2019) – mellom anna kjend frå det banebrytande psykedeliabandet 13th Floor Elevators – på Austins NPR-stasjon då eg vitja byen i sommar. Bentley hadde formulert si radiohyllest til Erickson sjølv, i form av eit brev retta til artisten: «This is the letter I’ve been waiting to write for over 50 years.»
I løpet av vekene eg var i Austin, støytte eg rett som det var på spor etter den lokale legenda, og lytta tilbake både til gammalt og nytt, frå klassiske The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators (1966) til Will Sheff-produserte True Love Cast Out All Evil (2010).
Ericksons songar kjem artistar til å vende tilbake til lenge endå, og folk som Mark Lanegan, Neko Case og Jeff Tweedy gjorde det på ei tributeplate som kom i fjor, May the Circle Remain Unbroken. Dei som ikkje har lytta til 13th Floor Elevators før, kan sjekke ut ferske 13 of the Best (sett saman av kjennaren Paul Drummond). «Dei hadde ei kraft eg aldri har høyrt frå eit anna band, verken før eller seinare», sa Bentley til radiovert David Brown på NPR.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Same tema
Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Usynlege sår
Sverre Anker Ousdal, Laila Goody, Elias Holmen Sørensen, Hanna-Maria Grønneberg, Andreas Stoltenberg Granerud, Trond Espen Seim og Anne Marit Jacobsen i stykket basert på filmen til Ingmar Bergman.
Foto: Erika Hebbert
Stivbeint dramatisering, men varmt spel