Glade groovar
Fela Kuti er vernehelgen.
Jazz / Afrobeat
Beats
of No Nation:
Fantastic Beats And Where to Find Them
August Kann, vokal og tangentinstrument; Richard Köster, trompet; Magnus Murphy Joelson, trombone; Kristoffer Lippestad Dokka, saksofonar; Arne Martin Nybo, gitar; Håkon Nordby Bjørgo, bass; Lars Takla og Raymond Lavik, trommer og perkusjon.
Smeik
Oktetten Beats of No Nation har vore samla nokre år for å dyrka ei felles interesse for vestafrikansk musikk slik han blei spelt av ein del artistar som hadde si stordomstid på 1970-talet. Spesielt Fela Kuti er ei stor inspirasjonskjelde. Det forstår eg så godt. Nokre av dei beste platene til Fela Kuti spelar eg rett som det er.
Fleire av medlemene kjenner kvarandre frå komponiststorbandet OJKOS. Bjørgo, Nybo, Kann og Köster har komponert dei seks låtane som sjølvsagt har det til felles at dei appellerer til dansefoten, men den snertne «Shall We Begin», ført i pennen av Nybo, og Bjørgos «Arms of Mass Distraction» står fram som dei mest vellukka komposisjonane. Den korte tromme-/gitarsekvensen på førstnemnde luktar det svidd av.
Ein aura av godkjensle pregar musikken frå første til siste takt. Arrangementa er enkle og fungerer strålande til det tilbakelente på-hogget-uttrykket. Denne ambivalensen, mellom det knivskarpe og det avslappa, formidlar bandet på framifrå vis. Det er rikeleg med rom til solistiske ytringar, men ikkje alle bidraga er like minneverdige. Det skulle vore fleire bidrag på same nivå som Kösters trompetkor på «Motorbass» og den kollektive utblåsinga på «Arms of Mass Distraction» – musikk til å bli i godt humør av.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.