Magisk – som venta
Hedvig Mollestad Weejuns vågar å testa ut ideane.
Ståle Storløkken, Hedvig Mollestad Thomassen og Ole Mefjell er den perfekte treeininga, ifølgje Lars Mossefinn.
Foto: Julia Naglestad
Jazz
Hedvig Mollestad Weejuns:
Weejuns
Hedvig Mollestad Thomassen, gitar; Ståle Storløkken, hammondorgel, synth og Haken Continuum; Ole Mofjell, trommer. Rune grammofon
Hedvig Mollestad Thomassen må vera ein av dei travlaste frilansmusikarane her til lands, eller er det berre slik at alt ho tek i, blir gull og såleis lagt merke til? Tingingsverk, plater og prisar har kome på rekke og rad. I sommar blei det heile krona med det ærerike oppdraget artist in residence på Moldejazz. At ho no, knappe to månader seinare, melder seg med plata Weejuns, er berre heilt naturleg.
Alle dei seks komposisjonane er laga i fellesskap og er nok i stor grad spontan musisering basert på eit arsenal av idear. Musikken er henta frå tre konsertar i 2022. Symptomatisk for kjemien som eksisterer mellom musikarane, er at halvparten av låtane er henta frå den første konserten på Munchmuseet. Dei har ikkje falle for freistinga å redigera seg ned til «radiovenlege» format.
Her er låtar på pluss/minus 20 minuttar, men det er også noko av det interessante med plata – ein kan følgja utviklinga av idear slik dei har utfalda seg på ein scene. I hendene på musikarar som kan det, blir dette stor kunst. «I’ll Give You Twentyone» er eit strålande døme. Eg fekk assosiasjonar til den legendariske «Live at Fillmore East» med Miles Davis.
Eg er ikkje overraska over at Thomassen og Storløkken er så på bølgelengd frå første stund, men det er gledeleg å konstatera at Mofjell passar perfekt inn. Han spelar med trøkk og intensitet utan å overspela og har klare og tydelege idear. I eit lydbilete som til tider er massivt, er det ein strategi som fungerer. Weejuns har det meste.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.