Prestegardsnostalgi
Geirr Lystrup gjev oss eit varmt skråblikk på prestegardslivet.
Viser
Geirr Lystrup:
Prestegard
Kirkelig Kulturverksted
Mange av oss har eit eller anna tilhøve til prestegarden, som i tillegg til å vere bustad for presten og eventuell familie gjerne var ein stor og staseleg gard og ein viktig institusjon i det lokale offentlege og sosiale livet. Framleis finst det mange slike eigedomar, men det er langt frå den opphøgde sosiale statusen som omgav presten og bustaden hans, til dagens tenestebustad som like gjerne kan vera eit nøkternt husvære i blokk eller rekke.
Det finst mykje lokalhistorisk og sjølvbiografisk litteratur med utgangspunkt i denne tematikken, noko som kulminerte med firebandsverket Prestegårsdliv, som kom i mange opplag. Men å laga ei heil plate rundt dette temaet har aldri vore gjort før.
Som presteson veit Lystrup godt kva han syng om, og perspektivet er dels nostalgisk og idylliserande, og dels kritisk, men heile tida kviler det ei humoristisk, men lun stemning over det heile.
Lystrup viser fram mangfaldet rundt temaet og er inne på alt mogleg, frå den gamle embetsmannskulturen med klassisk pianomusikk i stova til prestefrua som vertskap for det kristelege foreiningslivet, med servering av «det tredje sakramentet»: kaffien. Presteungane får òg sin song: «Nei presteongar blir – akkurat som geit/ Dei beste eller verste/ Det er noko alle veit».
Tematikken er av det slaget som vil vekka attkjenning hjå mange, men tilsvarande undring/skepsis hjå andre. Og det er nok i overkant å spandera ei heil plate med 16 songar på dette temaet.
Musikalsk er dette eit solid prosjekt: Lystrups varme og dels talande stemme inviterer oss med inn i forteljingane. Pianist Kjetil Bjerkestrand, bassist Gjermund Silset, trommeslagar Pål Hausken og akkordeonist Espen Leite spelar trygt og elegant. Særleg dei fine, små soloane til sistnemnde lyfter produksjonen.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.