Slutten på eit vent vennskap
Den irske Oscar-favoritten til Martin McDonagh er morosam og mørk.
Dei gamle venene, spelte av Colin Farrell og Brendan Gleeson, i Martin McDonaghs film.
Foto: Searchlight Pictures
Dramakomedie
Regi: Martin McDonagh
The Banshees of Inisherin
Med: Colin Farrell, Brendan Gleeson, Kerry Condon, Barry Keoghan
Kinofilm
Einfaldige Pádraic (Farrell) er bestevenn med Colm (Gleeson). Trur han. Brått ein dag vil ikkje Colm så mykje som opne døra for han. Han ber jamvel kameraten om å ikkje snakke til han. Elles blir det blodige konsekvensar. Colm er olm. Den flinke felespelaren truar med å klippe av seg ein finger for kvar gong den tidlegare kameraten freistar å prate med han. Sjokk og vantru pregar grenda og puben.
Folk og fe
Ein treng knapt ha tilsett nokon til å passe på kameraet for at dei små øyene utanfor vestkysten av Irland skal sjå spektakulære ut. Grøne enger, svarte knausar og hav som brusar friskt, er flott. Fleire filmar burde sjølvsagt òg ha med eit esel på rollelista. Eselet Jenny står ikkje tilbake for dei fire tofotingane som alle har fått sin Oscar-nominasjon for skodespel.
Colin Farrell spelar på sine komiske strengar som naiv og grei gut. Brendan Gleeson er ein briljant grinebitar som er godlynt i rett selskap. Kerry Condon er knakande god som systera til Pádraic, ei skarp dame som helst vil vekk frå den forblåste øya. Barry Keoghan må ta til takke med ei rolle som bygdetulling. Figuren gjev ikkje rom for at kan gjere si beste rolle, trass i Oscar-nominasjon. Filmen er nominert til heile ni statuettar og ligg altså godt an til å bli hugsa som ein stor film.
Grei eller viktig
Colm poengterer at folk minnest Mozart, men ingen blir hugsa for å vere snill. Debatten mellom dei to kling av Scooter: Det er greitt å vere viktig, men er det kanskje viktigare å vere grei? The Banshees of Inisherin er meir enn grei underhaldning. Eg humra støtt og stadig. Humoren blir gradvis mørkare. Låtten sit snart fast i halsen. Ein blir tidsnok trist.
Trass i flotte bilete og skråblikk er Irland på tampen av borgarkrigen i 1923 eit mørkt miljø. Historia tar krumspring mang ein gong. Det er kjekt og engasjerande. Ein kjenner att heisaturen av lått og mørke frå førre film, Three Billboards Outside Ebbing, Missouri, som òg gjorde det stort på Oscar-fronten. Filmane er ikkje meisterverk, men Martin McDonagh er god til å få folk til å le og bli lei seg. Det er prisverdig.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Irene Nordli: «Vessel nr 21» (2021)
Alle foto: Mona Louise Dysvik Mørk
Ei haustutstilling med preg av sjekkliste
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Foto: Nordisk Film Production
Koseleg mobbefilm