Tidlaus pianotrio
Eyolf Dale Trio byr på eit sterkt og originalt repertoar.
Med seg i trioen har Eyolf Dale Per Zanussi (t.v.) og Audun Kleive (t.h.).
Foto: Per Schorn
Jazz
Eyolf Dale Trio:
The Wayfarers
Eyolf Dale, piano, hammarspinett og celesta: Per Zanussi, bass og sag: Audun Kleive, trommer.
Edition Records
Pianotrioformatet synest historisk sett å vera ein av dei mest slitesterke besetningane i jazzen. Fleksibiliteten, det rike uttrykket kombinert med intimiteten i samspelet er faktorar som gjer at stadig nye generasjonar musikarar vert dregne til formatet. Det seier seg sjølv at ikkje alt kan vera like interessant, men så har ein altså Eyolf Dale Trio.
Debutplata til trioen, Being, kom for knappe to år sidan og gjorde eit sterkt inntrykk. Det var ikkje berre dei suverene tolkingane, men også komposisjonane i seg sjølv som gjorde at plata stod fram. The Wayfarers tek nye steg. På omslaget vert det poengtert at materialet denne gongen har vore testa ut. Zanussi og Kleive har kunna gje innspel. Resultatet er i alle fall saumlaus musisering der ein går frå det komponerte og arrangerte til det improviserte og attende. Det er ein heilskap i det trioen held på med, som er imponerande.
Alle ti låtane er skrivne av Dale. Dei har særpreg og står støtt på eigne bein, men dannar kontrastar eller apropos i det samla verket. Balladen «Hidden Treasures» med eit nydeleg basskor blir etterfølgt av den oppkava og lett nevrotiske «Behind the Curtains» der Dale og Kleive jagar kvarandre kvilelaust. Det heile fell til ro med den kontemplative og «blåe» «A Current Peace of Mind». Den avgrensa bruken av sag og hammarspinett har nettopp den funksjonen å skapa relieff, men alt er gjort med stilsikker diskresjon.
Om dette er årets plate, er litt tidleg å slå fast, men at The Wayfarers er ein kandidat når status skal gjerast opp om ti månader, er det ikkje tvil om.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.