Tap for danskane i ishockey
Eit skuffa norsk ishockeylandslag etter å ha tapt 0–2 for Danmark og med det biletten til OL neste år.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Nokre få eldre idrettsinteresserte nordmenn hugsar så langt attende som til den tida da det var danske skihopparar med i hopprennet i Holmenkollen. Det var ingen det vart jubla meir for – det måtte vera bikkja i bakken, i så fall. Og det var dei som meinte at dette var ein danske som hadde vorte kasta ut frå restauranten på eller i hoppet.
Men dette var i dei verkeleg gode gamle dagar, da hopprennet kunne ha så mange som bortimot 300 deltakarar, den gongen da ordet breiddeidrett verkeleg hadde eit innhald med meining. Seinare var det ikkje råd for å ta seg tid til slikt, og framleis er det utenkjeleg at vi ein gong til kan flotta oss med costaricanarar på femmila.
Truleg kan vi setja ein skiljestrek tvers gjennom året 2021, for i år tapte Noreg for Danmark i ishockey. 0–2 vart det syrgjelege utfallet av landskampen 30. august, med perioderesultata 0–0, 0–1 og 0–1.
Alt har ei logisk forklaring, for danskane har rusta seg med ishockeytrenarar frå andre sida av Øresund, og truleg har vi nordmenn fleire vonde opplevingar i vente. Det danskane har gjort, er enkelt, men rett nok dyrt: Dei har bygt om somme av handballhallane sine slik at dei kan brukast av ishockeylag, og dermed har ishockey vorte heilårsidrett. Dette hadde Ola Nordmann i årevis vanta fantasi til å tenkja seg, og i år kom altså smellen.
Når danskane så lenge hadde vore i stand til å mønstra handballstjerner og fotballfolk på OL- og verdsnivå, burde denne utviklinga ha vore til å, ja, tenkja seg.
Fotballen, handballen og pucken er ikkje rundare eller meir uberekneleg enn andre idrettsreiskapar, lønstilhøva er temmeleg like, og utviklinga låg dermed til rette for at danskane skulle greia seg minst like godt som russarar, tsjekkarar og svenskar. Men vi nordmenn har altså streva fælt med likestillinga her, det har skorta med emna til å nå det som på litt alderdommeleg nynorsk heitte tame eller dugleik i ishockey.
Løysinga vert nok prosaisk så det skikkeleg svir; det vert svenskimporterte trenarar før vi får sagt «bur». Vi slepp å ottast for dei komande klimaproblema; kan det lagast skeisebanar, må det vera råd å få til forsvarlege tilhøve for engasjerte nordmenn med kølle og puck – eller gjerne pøkk, for min del. Og da er det heilt sikkert ikkje meir enn eit spørsmål om tid før vi nordmenn er på trygg veg mot sigerspallen.
Kanskje kan vi leggja nye provinsar til landet? Arbeidet med å få til eit skikkeleg bandymiljø har gått i motbakke i år etter år utanfor det sentrale miljøet på stader som Mjøndalen og Stabekk. Så det er berre å driva på og aldri gi opp.
Heller ikkje bikkja i bakken gjorde det. Og det er ingen ting i vegen for at «nye» land som Latvia og Estland kan verta ishockeyprovinsar på høgd med Russland, Tsjekkia og Canada, for ikkje å snakka om Slovakia og Slovenia. Dermed kan dei hamna der dei sjølve meiner dei høyrer heime, og verta fullrespekterte medaljenasjonar slik dei bør.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det danskane har gjort, er enkelt, men rett nok dyrt: Dei har bygt om handballhallar slik at dei kan brukast av ishockeylag.