Kunst på olympisk nivå
Albert Lange Fliflet var ein norsk filolog og omsetjar.
Foto: NTB
Kultur
Mennesket si optimale yteevne vart for 25 år sidan dagleg åskodeleggjort gjennom dramatisk kappestrid på dei olympiske arenaene i Nagano i Japan. På grunn av tidsskilnaden måtte nordmenn ta natta til hjelp for å oppleva augneblinken når det mest spanande skjedde. Store vinterlege sportsprestasjonar på ski og skeiser saman med forventningar om nasjonal heider, fekk likevel mange gladeleg til å ofra nattesøvnen framfor TV-skjermane – og avisene til å mista dei fleste typografiske hemningar.
Men midt oppe i det olympiske «gullrushet» var det truleg ein overhengjande fare for at svevnlause lesarar fort oversåg dei langt meir moderat oppslåtte nyhenda på kultursidene, dei som fortalde om intellektuelle prestasjonar.
Ein soleklar gullmedalje burde den pensjonerte fonetikkprofessoren ved Universitetet i Bergen Albert Lange Fliflet (1908–2001) ha gjort seg fortent til. Men kven sperrar eigenleg augo opp for ei ny diktsamling med den lågmælte tittelen Stille kom en glede? Truleg ikkje andre enn dei som visste at forfattaren, eller rettare sagt gjendiktaren, snart ville runda 90 år og hadde utført si bragd etter å ha mist synet. Dessutan at dikta var omsette frå åtte ulike språk. Alt saman hadde den aldrande, men framleis særdeles vitale poeten gjendikta etter minnet.
Truleg må Lange Fliflet ha vore åndeleg i slekt med J. C. Dahl (1788–1857), kunstprofessoren frå Bergen som er blitt kalla «norsk malerkunsts far». Dahl budde det meste av livet sitt i utlandet – i København og Dresden. Likevel var det først og fremst norsk natur og norske landskap han festa til lerretet, som regel med nærmast fotografisk presisjon. Det imponerande maleriske resultatet oppnådde Dahl ikkje minst takk vera eit heilt unikt visuelt minne.
Norske erindringsbilete hadde også Edvard Grieg ei eiga evne til å mana fram for sitt indre auga. I Søllerød utanfor København, i eit sjællandsk lende så fagert, men unorsk som vel mogeleg, var det han i 1868 komponerte sin praktfulle klaverkonsert. I Griegs tonemaleri skimtar ein både fjell og brusande fossefall.
Ei liknande evne var tydelegvis Albert Lange Fliflet utrusta med. Men denne nestoren blant norske omsetjarar var ikkje berre ein meister i erindringas kunst. Han var dertil eit språkgeni. Poesien henta han fram frå «hjarta og hovudet», som han sa. Nattestid hadde han grave fram originaldikta i den siste samlinga frå hukommelsens mørke og ikledd dei norsk språkdrakt. I dei formfullkomne versa han overførte frå latin, estisk, finsk, frisisk/nederlandsk, flamsk, afrikaans, tysk og ungarsk, let handikappet hans seg slett ikkje spora. Dikta spenner i tid over mange hundre år og kvilte i det eminente minnet til Fliflet i opptil sju decennium. Nokre av dikta hadde han hatt i hovudet like sidan studentdagane.
Som blind diktar var han nøydd til å omstilla seg til fylgjande arbeidsmetode: Etter ei gjennomvaka og gjennomdikta natt dikterte han om morgonen fruktene av arbeidet sitt til kona. Ho skreiv versa ned. Deretter fylgde ofte ikkje få rundar med rettingar, omskrivingar og utskiftingar av ord inntil perfeksjonisten kunne seia seg fornøgd.
Fliflet tala 8–10 språk flytande og greidde å gjera seg godt forstått på endå nokre til. På tre språk – finsk, ungarsk og svensk – forutan norsk skreiv han til og med ein god del eigne dikt. Berre ti år gamal innleia han sin oppsiktsvekkjande karriere ved å gjendikta ein tysk salme til norsk. Sin største litterære bragd utførte Fliflet likevel i 1967, då han fullførte gjendiktinga av Finlands monumentale nasjonalepos, Kalevala, på nesten 23.000 verseliner. Vel å merka ikkje til norsk riksmål, men til vesttelemarksk, den dialekten han meinte best ville kle diktverket. I tillegg til framande språk var Fliflet også heimekjend i både nynorsk og den norske dialektfloraen. Men då han arbeidde med Kalevala, hadde han rett nok alle sansar i behald. For mellom anna den prestasjonen vart han i 1990 utnemnd til æresdoktor ved Helsingfors universitet. Han hadde då alt blitt tildelt Norsk Kulturråds Oversetterpris og Oversetterforeningens Bastian-pris for si eineståande omsetjargjerning.
Apropos olympisk innsats, så blir det hevda i Bergen at den første norske gullmedaljen i Nagano korkje vart vunnen på is eller snø, men i konsertsalen – av Bergen Filharmoniske Orkester. Som lekk i den offisielle kultursatsinga var orkesteret på turné i Japan under OL, og det spelte med stor suksess både i Nagano og Tokyo. Blant tilhøyrarane var Noregs statsminister og Japans prinsesse, Nori Sayaka. Solist i Griegs klaverkonsert var Japans stjernepianist, Hiroku Nakamura. Saman med Bergensfilharmonien har ho spelt inn både Griegs og Schumanns klaverkonsertar på ein CD som fekk si lansering på Japan-turneen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no