Magisk tenking om fred?
Krigen i Ukraina
Noreg kunne ha vore ein fredsmeklar i Ukraina, påstår Ketil Bø i Dag og Tid 14. juli. I staden har me valt ein «konfronterande politikk» og leverer våpen som «spreier død og øydelegging», heiter det.
Men eit grunnlag for fredsmekling finst ikkje. For Putin har Ukraina ikkje rett til å eksistera, det er ein del av Russland. Målet hans var å ta heile Ukraina. Skal dei då møtast på midten, slik at han får halve Ukraina?
Resultatet av norsk fredsarbeid har nå vore så ymse, jf. Palestina og Sri Lanka, og magiske evner trur eg norske diplomatar ikkje har. Det er også ein temmeleg naiv tanke at Russland har spesiell godhug for Noreg. Tidlegare har vel interessene deira vore andre stader, og etter Nato-medlemskapet i 1949 held dei fingrane av fatet. Utan dette hadde me blitt utsette for press og bøllepolitikk. «Fred» kan det nok bli, om Ukraina slepp opp for våpen, men ufatteleg liding og øydelegging først, for gje seg vil dei ikkje.
Noreg er ein «helar» av våpen til «stelaren» Ukraina som brukar dei til død og øydelegging, ifølgje Bø sin noko rare tankegang. Utan våpenhjelp utanfrå vil Ukraina vera forsvarslaus mot dronane og rakettane Putin pøsar inn over landet, mot sjukehus, skular og bustadblokker. Takka vera våpenhjelpa har landet vore i stand til å skyta ned mykje av dette.
Utan våpenhjelp kan Putin jamna ukrainske byar med jorda, slik han gjorde det i Tsjetsjenia og Syria og med umåtelege lidingar for folket der. Deretter ventar brutal undertrykking, tortur og avrettingar, som ein alt har sett i område dei har okkupert.
Han er samd i at Russland er skuld i krigen, og at det var «ein kjempetabbe». Men målet kan ha vore å hindra Nato-medlemskap, i staden for innlemming. Her har nok Bø eigentleg konkludert med det første. Men Nato-medlemskap var ikkje aktuelt i 2022, «spesialoperasjonen» som har hindra Nato-medlemsskap starta i 2014, ikkje i 2022.
Årsaka til den nye krigen ligg nok heller i at Putin såg at grunnlaget for negativ kontroll i Ukraina rakna i 2021, det var då styrkeoppbygginga hans starta. Argumentasjonen om styrketilhøvet overfor Nato er også lite relevant når hovudtyngda ligg på «feil» side av Atlanterhavet og styrkeoverføring vil ta vekevis og månadsvis.
Hangarskipet som var innom tidlegare i år, blir kalla «eit monster av ein drapsmaskin». Det er ikkje noko nytt at slike fartøy er innom norske farvatn, og såleis ikkje noko brot med norsk tryggingspolitikk, dei har vore både i Oslofjorden og Vestfjorden tidlegare også. Iallfall frå norsk synsstad er dette ein «fredsmaskin» som held Putin borte.
«Russarane (trekte) seg frivillig ut av Finnmark sjølv om dei hadde behov for hamner i nordområda». Dette er visvas. Sovjetiske styrkar, der også ukrainarar var med, frigjorde Sør-Varanger, dei stoppa ved Tana. Ut frå rein godhug beheldt Sovjet då ikkje Kirkenes? Hamner i nord hadde dei frå før, Noreg og Sovjet var allierte på den tida, og dei visste nok godt at dei andre allierte ikkje ville godta ein permanent okkupasjon av norsk territorium. Og tenk, tjuven stal ikkje frå mitt hus, berre hos naboen (Finland), han må vera ein god person.
Argumenta hans tyder på at det Bø eigentleg vil, er at Ukraina skal vera forsvarslaust, då vil ein få «fred».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no