JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Stadig feil om kraft

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2186
20230217
2186
20230217

Kraftproduksjon

Jon Hustad hevdar her i avisa igjen at den sterke auken i fyllingsgrad i kraftmagasina i det sørlege Noreg i fjor haust ikkje skuldast låg produksjon, men berre var flaks. Hustad bruker sterke ord og tek få atterhald. La meg svare punktvis.

Hustad argumenterer med at eksporten frå det sørlege Noreg var 10,2 TWh i 2022. Men han blander saman omgrepa: Vi kan godt ha eksport i same periode som fyllingsgraden aukar. Det skjedde til dømes i vekene 41, 44 og 45 i fjor haust. Forklaringa er at mykje kraftproduksjon ikkje kan lagrast. Det gjeld vindkraft, elvekraft, kraft frå små magasin og ikkje minst transittkraft frå Sverige og lenger nord i Noreg. Slik kraft må brukast straks, anten i Noreg eller gå til eksport.

Det som betyr noko for forsyningstryggleiken vår, er om dei større magasina blir tappa. NVE har ei rapporteringsordning der vi kvar veke legg ut statistikk om nettopp dette. Her kan Hustad og andre gå inn og sjå at det vart produsert svært lite kraft frå magasina i det sørlege Noreg i fjor haust.

Hustad skriv at hadde det ikkje regna, hadde ikkje fyllingsgraden auka. Men det regnar kvar haust i Noreg. Spørsmålet er på kva måte hausten i fjor skilde seg frå vanlege haustar. Svaret at det regna noko meir enn vanleg i fjor, men at den låge kraftproduksjonen var det som særmerkte hausten 2022. Det gjeld også om ein ser på lengre tidseriar. Det andre som særmerkte hausten i fjor, var at forbruket var lågt, og at vi importerte kraft i periodar vi vanlegvis eksporterer kraft. Alt det bidrog til å styrke forsyningstryggleiken vår, fordi vi då slapp å tappe eigne magasin.

Hustad definerer igjen «hausten» på sin eigen måte, ved berre å ta med vekene med mykje regn. Men hausten er lang, og første delen av hausten 2022 regna det mykje mindre enn normalt. Ein kan ikkje utelate desse vekene, skal ein få ei rett framstilling av i fjor haust.

For dei som måtte vere interesserte i fleire tal og meir kunnskap om kraftproduksjon, forbruk, tilsig, kraftflyt og netto eksport frå hausten 2022, anbefaler eg statistikken som ligg open for alle på NVE sine nettsider.

Kjetil Lund er vassdrags- og energidirektør i NVE.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kraftproduksjon

Jon Hustad hevdar her i avisa igjen at den sterke auken i fyllingsgrad i kraftmagasina i det sørlege Noreg i fjor haust ikkje skuldast låg produksjon, men berre var flaks. Hustad bruker sterke ord og tek få atterhald. La meg svare punktvis.

Hustad argumenterer med at eksporten frå det sørlege Noreg var 10,2 TWh i 2022. Men han blander saman omgrepa: Vi kan godt ha eksport i same periode som fyllingsgraden aukar. Det skjedde til dømes i vekene 41, 44 og 45 i fjor haust. Forklaringa er at mykje kraftproduksjon ikkje kan lagrast. Det gjeld vindkraft, elvekraft, kraft frå små magasin og ikkje minst transittkraft frå Sverige og lenger nord i Noreg. Slik kraft må brukast straks, anten i Noreg eller gå til eksport.

Det som betyr noko for forsyningstryggleiken vår, er om dei større magasina blir tappa. NVE har ei rapporteringsordning der vi kvar veke legg ut statistikk om nettopp dette. Her kan Hustad og andre gå inn og sjå at det vart produsert svært lite kraft frå magasina i det sørlege Noreg i fjor haust.

Hustad skriv at hadde det ikkje regna, hadde ikkje fyllingsgraden auka. Men det regnar kvar haust i Noreg. Spørsmålet er på kva måte hausten i fjor skilde seg frå vanlege haustar. Svaret at det regna noko meir enn vanleg i fjor, men at den låge kraftproduksjonen var det som særmerkte hausten 2022. Det gjeld også om ein ser på lengre tidseriar. Det andre som særmerkte hausten i fjor, var at forbruket var lågt, og at vi importerte kraft i periodar vi vanlegvis eksporterer kraft. Alt det bidrog til å styrke forsyningstryggleiken vår, fordi vi då slapp å tappe eigne magasin.

Hustad definerer igjen «hausten» på sin eigen måte, ved berre å ta med vekene med mykje regn. Men hausten er lang, og første delen av hausten 2022 regna det mykje mindre enn normalt. Ein kan ikkje utelate desse vekene, skal ein få ei rett framstilling av i fjor haust.

For dei som måtte vere interesserte i fleire tal og meir kunnskap om kraftproduksjon, forbruk, tilsig, kraftflyt og netto eksport frå hausten 2022, anbefaler eg statistikken som ligg open for alle på NVE sine nettsider.

Kjetil Lund er vassdrags- og energidirektør i NVE.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis