Ein frivillig avtale
Paris-avtalen skil seg på grunnleggjande vis frå den første internasjonale klimaavtalen, Kyoto-protokollen frå 1997. Til saman slutta 192 land seg til Kyoto-avtalen, men berre 36 av deltakarlanda var pålagde bindande utsleppskutt i den første avtaleperioden. Utviklingslanda – inkludert Kina – slapp pålegg om å avgrense utsleppa, mykje fordi det var dei vestlege industrilanda som hadde stått for det meste av klimagassutsleppa fram til da. Men dette var ein viktig grunn til at USA nekta å ratifisere Kyoto-protokollen, og dermed var avtalen langt på veg daud. Ein avtale med slike avgrensingar ville da òg vere absurd i dag, når Kina er verdas største kjelde til klimagassutslepp. Og da klimaforhandlingane på København-toppmøtet stranda i 2009, var det slutten for den strenge Kyoto-modellen.
Tilnærminga på klimatoppmøtet i Paris i 2015 var heilt annleis. I denne avtalen slutta statane seg til ein felles ambisjon: å kutte utsleppa nok til å halde den globale oppvarminga «godt under to gradar», og å prøve å avgrense oppvarminga til halvannan grad. Men denne gongen fekk altså kvar stat velje sine eigne utsleppsmål. Den milde utforminga av Paris-avtalen og mangelen på innebygde sanksjonar gjorde han enkel å signere. Alle kan tenkje på eit tal, og i dag er 196 statar tilslutta avtalen. Iran, Eritrea, Libya og Jemen står utanfor, utan at det er så mykje å bry seg om.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.