Rus
Førjulstida er ei tid for fest og samkomer. Då skal slekt og venner, kollegaer og kjenningar møtast og oppdatere kvarandre på alt som har skjedd sidan sist. Ei fin tid. For oss som har eit stort kontaktnett og mange oppdragsgivarar, er det også ei hektisk tid.
Då eg for nokre veker sidan var på veg heim frå eit slikt festleg lag, slo det meg brått at ganglaget mitt hadde endra rytme og mønster: dels to steg fram og eitt tilbake, dels to steg fram og eitt til sides, dels full stopp.
Ei god kjensle. Eit vemodig déjà vu.
Dette har eg ikkje opplevd sidan før pandemien, var min første tanke. Men det er i røynda langt verre: Eg kan knapt hugse sist eg vandra ustøtt heim frå ein fest. Det må ha vore i førre tusenår ein gong.
Den gongen var eg ung og sangvinsk og saug til meg alt livet hadde å by på, den første som dukka opp på festen, og sistemann som gjekk. No sit eg i lystig lag og trykkjer, ansvarsmedviten, redd for å dumme meg ut, tenkjer på mitt eige omdømme, smugkikkar på klokka for å passe på at eg kjem meg heim såpass tidleg at morgondagen er til å leve med. Før var eg freidig og fri, no lèt eg meg kue av samfunnsplikter og skamkjensle.
Kva har skjedd? Livet har skjedd. Eg har late den dionysiske, ranglande, livsglade bohemen vike for den appolinske, ansvarlege, pliktoppfyllande samfunnsstøtta. Eg er blitt akkurat den eg som ung lova meg sjølv at eg aldri skulle bli.
Det var denne innsikta eg hadde komme fram til då eg omsider stod framfor inngangsdøra heime og fikla med nøklane. Eg møtte ikkje meg sjølv i døra, og nettopp det var eit sakn.
Så nyttårsforsettet i år er at 2023 skal stå i Bacchus’ teikn for min del. Ein forløysande bakkanal må ein unne seg i ny og ne.
Patetisk? Ja, visst er det det. Men det kan eg leve med.
obo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Ettersom fleire land sender stridsvogner, vil ein spreia risikoen. Russarane vil få mange å vera sinte på, ikkje minst USA.
Foto: Heiko Junge / NTB
Å vinna, eller ikkje berre tapa
Ellen Hambro under presentasjonen av ein delrapport frå klimapanelet til FN i februar i fjor. Eit av hovudmåla til direktoratet er å få ned klimagassutsleppa.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
«Om du berre vil ha applaus, bør du ikkje jobbe her»