Arkivet: David Blue
Då eg først såg maratonfilmeksperimentet Renaldo & Clara (1978) midt på 1990-talet ein gong, var det ei lang scene eg beit meg merke i: Ein fyr med solbriller røykte og spelte på eit flipperspel og snakka i veg om barndomsminne, Sisyfos-myten, draumen om å verte skodespelar, folkmiljøet i Greenwich Village og mangt anna: ein sann forteljar. Først seinare fann eg ut at den karismatiske karen var David Blue (1941–1982).
Louis Philippe er både popartist og fotballjournalist.
Pressefoto
Arkivet: Sean O’Hagan presenterer Louis Philippe
Eg tippar at fleire av lesarane har høyrt om Sean O’Hagan, kjend for platene han laga med The High Llamas, og eigne soloutgivingar som Radum Calls, Radum Calls, som eg skreiv om på desse sidene då albumet kom ut i 2019 – og somme vil vite at han har vore både musikalsk førebilete for og samarbeidspartnar med Sondre Lerche.
Arkivet: Springsteensoul
Bruce Springsteen slepper i dag sitt 21. studioalbum, Only the Strong Survive, ei herleg plate full av speleglede og overskot, der 73-åringen tek tak i eit knippe klassiske soulsongar – tenk Motown, Stax og så vidare – frå 1960- og 1970-talets amerikanske songbok. Det er skikkeleg gjort, med flotte blåsarar (E Street Horns), fine strykearrangement ved Rob Mathes og ein solid gjeng koristar. På to av songane, «Soul Days» og «I Forgot To Be Your Lover», er 87 år gamle Sam Moore (frå Sam & Dave) med og kastar soulglans på innspelinga.
Arkivet: Meir Revolver
Beatles-industrien jobbar på, og turen er komen til å røske tak i innhaldet på heilt fabelaktige Revolver (1966), som ein med gode grunnar kan hevde er ei før-og-etter-utgiving i katalogen til bandet. Her såg ein tydelege teikn på den eksperimenterande, kreative leiken med ord, instrument og lyd som skulle verte så viktig på platene som følgde, og ein møtte eit Beatles som stod på terskelen til noko nytt.
Tre tenåringsjenter frå Wien tverkar i hijab og syng «Losing My Religion» i filmen til Kurdwin Ayub.
Arkivet: Bak sløret
Dei kan knapt vite kva det vil føre med seg, Yesmin, Bella og Nati, når dei tullar litt og endar med å kle seg i hijab og lage ein video der dei mimar til R.E.M.-songen «Losing My Religion» – den vesle filmsnutten går viralt, og fører med seg både føreseielege og uføreseielege konsekvensar for dei tre, i regissør Kurdwin Ayubs debutfilm Sonne, med den norske tittelen Bak sløret (2022), der uttrykksfulle Melina Benli imponerer i rolla som Yesmin.
Arkivet: Cohen-hyllest
Av og til kan ein song finne ein ny heim på ein måte som straks kjennest heilt rett, og dette er tilfellet når Mavis Staples gir seg i kast med Leonard Cohens «If It Be Your Will» (opphavleg på Various Positions, 1984). Å kople akkurat denne røysta til akkurat denne komposisjonen – ein av mine favorittar – klaffar fullt og heilt, i det som for denne lyttaren høyrer til mellom dei finaste musikalske stundene i 2022, snart seks år etter at mannen bak gjekk bort.
Eit vegkryss på Manhattan.
Foto: Øyvind Vågnes
Arkivet: Joey Ramone
Det var på veg oppover den langstrakte gata Bowery, søraust på Manhattan, ein dag i sommar, at eg passerte skiltet som fortalde meg at eg no gjekk forbi Joey Ramone Place. Sjølv om destinasjonen var bokhandelen Strand, og eg ville ha så mykje tid der som råd, stoppa eg opp og såg rundt meg, mint som eg vart på at dette var Ramones-land.
Singer-songwriter Loretta Lynn på Big Barrel Country Music Festival i Dover i USA i 2015.
Foto: Owen Sweeney / AP / NTB
Arkivet: Loretta Lynn
«The years may come and go, but for me it’s just time», heitte det i tittelsporet på albumet Loretta Lynn gav ut i fjor, Still Woman Enough – den 50. studioplata hennar. Og eg vil tru songen var å høyre frå mange høgtalarar tidlegare denne veka, då countryartisten sjølv gjekk ut av tida, 90 år gammal.