Når det gjeld
Å verta gjeldfri er gildt, i alle fall om ein har vore so nedsokken i gjeld at ein snautt har kunna tenkja på anna. Smågjeld er greiare, men det gjeld å fylgja med då òg. Nokre har smågjeld her og der (klattgjeld, dei kallar), og det er lett å missa oversynet. Brått kjem nokon og krev inn gjeld du har gløymt, og kva gjer du då? Rømmer til eit anna prestegjeld?
I fyr og flamme
Vårmånaden mars er godt i gang, men fyringssesongen held fram. Dei som ikkje fyrer med ved, kan fyra med noko anna. Folk driv eller har drive med flisfyring, gassfyring, kolfyring, oljefyring og torvfyring. Sentralfyring finst òg, men sprengfyring ved hjelp av fyrverkeri er lite tilrådeleg. I alle høve gjeld det å ikkje fyra for kråkene.
Hengjehovud med haleheng
Mange har røynt at «eit låkt ord vil lenge henga på». Ei rad andre saker kan òg klina seg innpå ein og festa seg. Då seier me gjerne at dei heng: Lukta heng i kleda, sjukdomen heng i lenge, kjærastane heng rundt halsen på einannan, og ungane heng i hælane på foreldra.
På ordentleg
Er det orden eller uorden som oftast står på dagsordenen? Å vera på eit møte der møteleiaren har snakketøyet i orden, men ikkje har orden i papira sine, kan vera ei ordentleg påkjenning. Det er greitt nok som ei overgangsordning, men so lyt ein finna eit ordensmenneske som kan ordna opp i kaoset og gå gjennom sakene i tur og orden.
Retting
I Erik Solheims artikkel «Frå minne til mjøl på kvern i Lesja» i Dag og Tid nr. 7 gjorde korrekturlesaren ein grov feil og «retta» ordet mel (’å male – mel – mol – har male’) til mjølar (’å mjøle – mjølar – mjøla – har mjøla’). Å male korn eller liknande er sjølvsagt noko heilt anna enn å mjøle, det vil seie strø mjøl på eller pollinere. Solheim har med andre ord reint mjøl i posen.
Ikkje kven som helst
Denne språkspaltisten vil helst skriva om substantiv, adjektiv og verb. Det beste er å grava i ei av desse store ordklassene og finna eit ord som ter seg i heller mange vendingar og samansetjingar. Men adverba er ikkje so dumme, dei heller. Til dømes er bruken av heller og helst mangslungen, og det er heller tvilsamt om me rekk innom alt her.
Chapito, shaman av serifolket i Punta Chueca i Sonora i Mexico, er mellom nokre hundre brukarar av eit språk som ikkje liknar noko anna.
Foto: Tomas Castelazo / Wikimedia Commons
Bergingsvon for utdøyande språk
I dei tre åra Pål Kristian Eriksen har arbeidd med den nye boka si om språkdød og språkberging, har minst 12–13 språk lide døden. Likevel er han optimist.
Gje Språkrådet meir makt
Styret i Språkrådet gjekk tydeleg ut denne veka i Aftenposten og åtvara om den språkpolitiske situasjonen i Noreg og meiner at «den er blitt mer akutt på mange samfunnsområder».
Flat som ei fjøl
Flatbygdingar som har tenkt seg til fjells, lyt bu seg på motbakke og ulende: «Ein kjem ikkje på fjellet med ein flat veg.» Om ein har flate dekk og flatt batteri, kjem ein seg plent ikkje av flekken, same kor flat vegen er. I slike stunder er det freistande å ausa or seg noko som er sterkare enn «fy flate». Ja, det må gjerne vera so kvast at det kan skremma fanden på flat mark.
Låge tonar i låglendet
Om ein er lågvaksen, kjem ein seg greitt gjennom låge dører, i alle fall om ein har på seg låghæla skor. Men stundom lyt ein luta eller lengja seg: «Det er ingen so lang, han ei må tøya seg, og ingen so låg, han ei må bøya seg.» Om det er lågt under taket i bokstavleg meining, er det ein føremon å vera låg. Låg takhøgd i biletleg meining kan derimot plaga høg og låg like sterkt. Det ser elles ikkje ut til at låge folk likar lågtrykk, lågkomikk og lågpanna debattinnlegg betre enn andre.