Foto: John David Mercer / USA Today / NTB
0–6 rette: Ikkje-levande leksikon
7–9 rette: Lett nedstøva leksikon på loftet
10–15 rette: På ei god leksikonhylle
16–20 rette: Litle norske leksikon
21 rette: Levande leksikon

1. Måndag skapte Viktor Hovland norsk idrettshistorie ved å vinne The Tour Championship. Fullfør med rett golfomgrep: Banen hadde par 70. Hovland fullførte med 63 slag, elleve hòl på par og sju hòl på …?
2. Det følgde 70.000 dollar med kvart av VM-gulla som Karsten Warholm og Jakob Ingebrigtsen nyleg tok. Om lag kor mykje må du gonge det med for å få Hovlands premiesum: 5, 25 eller 250?
3. «Penger er ikke alt. Det er også noe som heter avbetaling.» Kva figur seier dette i episoden «Det går alltid et tog»?
4. Litt tidlegare i same episode minner presten om kva Jesus sa: «Mennesket lever ikke av brød alene.» Jesus siterte her sjølv frå den femte boka i Bibelen. Kva bok er det?
5. Inneheld speltbrød gluten?
6. Årets Æres-Amanda gjekk til Bente Børsum, oftast sett som dronninga i Reisen til julestjernen. Kva heiter debutfilmen hennar frå 1959? Mange reknar dette trekantdramaet på fjellet som tidenes beste norske film.
7. Kva for eit felt startar den kvite dronninga på i sjakk?
8. FBI-mannen Mark Felt var informanten «Deep Throat» i kva skandale?
9. Kva er det tydelegaste symptomet på strupekreft: fullt stemmetap, hås stemme eller pipestemme?
10. Kva noregsven med hås og kraftig stemme fekk namnet Gaynor Hopkins då ho vart fødd i Wales i 1951?
11. Kva heiter den walisiske fjellkjeda nord for Cardiff og Swansea, med høgaste punkt nær 900 meter over havet? Namnet er to ganske like ord og viser til eit gamalt kongedøme.
12. Kva for eit kongedøme i Himalaya har til liks med Wales ein drake i flagget?
13. Kva for eit adjektiv står til substantivet snømann når me talar om migo eller yeti, som skal finnast i Himalaya?
14. Jo Nesbø fylte 47 det året han gav ut romanen Snømannen. Kva for eit oddetalsår var det?
15. Kva for noko på ein vanleg snømann kjem frå skjermplantefamilien?
16. Kva heiter adelsfamilien som hadde makta i Firenze, seinare Toscana, nesten samanhengande frå 1400-talet til 1700-talet?
17. Giorgio Armani er eit av mange motehus med hovudkontor i kva by?
18. Kva særs produktiv komponist med Georg som første fornamn vart fødd i 1681 i Magdeburg i Tyskland? Han verka lenge i Hamburg, der han døydde heile 86 år gamal.
19. Dei magdeburgske halvkulene såg òg dagens lys i Magdeburg på 1600-talet. Kva for noko på v var inni dei?
20. Kva halvkule ligg Noreg (hovudlandet) på dersom me set grensa ved nullmeridianen: den austlege eller den vestlege?
21. Kva bygning på den sørlege halvkula er det mest kjende verket til arkitekten som òg står bak parlamentsbygningen i Kuwait og privatbustaden Can Lis på Mallorca?
Svar på spørsmåla:
1. Birdie (Det er eitt slag under par.)
2. 250 (Han fekk 18 millionar dollar, vel 257 gonger så mykje.)
3. Marve Fleksnes
4. Femte Mosebok
5. Ja
6. Jakten
7. d1
8. Watergate-skandalen
9. Hås stemme
10. Bonnie Tyler
11. Brecon Beacons (Me kan forstå namnet som «fjelltoppane i kong Brychans kongedøme».)
12. Bhutan
13. Avskyeleg
14. 2007
15. Gulrota
16. Medici
17. Milano
18. Georg Philipp Telemann
19. Vakuum (Otto von Guericke konstruerte dei og viste dimed kor sterkt lufttrykket er. Sjølv ikkje hestar kunne dra dei to halvkulene frå kvarandre.)
20. Den austlege halvkula
21. Operahuset i Sydney (Arkitekten er danske Jørn Utzon.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.