Foto: Terje Pedersen / NTB
0–6 rette: Håper det vert fleire spikrar å koke suppe på neste veke. Lukke til!
7–9 rette: Flott innsats, sjølv om eit og anna kokte bort i kålen.
10–15 rette: Ja, her var det god kok. Det er lov å koke kaffi som premie.
16–20 rette: Det koker som regel ned til rett svar. Framifrå!
21 rette: Held koken med alt quizmeisteren koker i hop. La det koke over i e-posten!

1. Me opnar med anagrammet fugeskrødde og skal fram til ein ærestittel for Maria, mor til Jesus. Kva ord?
2. Anne er det vanlegaste kvinnenamnet i Noreg, med 70.000 berarar, medan Maria ligg på åttandeplass med 20.000. Sei eit namn som kjem mellom dei på lista.
3. Kva stor renessansekunstnar måla «Den sixtinske madonna» i 1513–1514?
4. Kva for eit av desse er ikkje eit artsnamn: flaggspett, grønspett eller hakkespett?
5. I kva øygruppe heiter dei to største øyane Streymoy og Eysturoy?
6. Skattelistene for 2021 har vorte offentleggjorde. Kva for eit etternamn har far på 4. plass og sønene på 8. og 9. plass? Fødselsåra er 1951, 1975 og 1971.
7. Kva er ordet for ein enkeltmaske som har ein annan farge enn botnfargen i eit strikkeplagg?
8. Kva lagsport er saman med rugby og fotball dei mest populære sportane i Sør-Afrika?
9. Kva skodespelar frå Bergen er det mange barn ser no for tida som Selmas strenge fostermor i julekalenderen Snøfall? For vaksne er ho nok vel så kjend som fiktiv politietterforskar.
10. I 2018 hadde Det Norske Samlaget jubileum. Kva år vart forlaget stifta?
11. Den 12. desember kunne kong Harald opne Follobanen, som har to stasjonar. Ekspresslinja går mellom Oslo S og kva stasjon i Nordre Follo kommune?
12. Kva slags naturformasjon får stundom avleggjarar som blir kalla kroksjøar?
13. Med kva for fire ord opnar Frank Sinatra-slageren «New York, New York»?
14. Kva skribent i Dag og Tid har doktorgrad i krigens folkerett frå Universitetet i Oslo? Boka Krigens folkerett har ho skrive saman med Gro Nystuen.
15. Kva er asker, balder, glen ample, preussen og veten viktige døme på?
16. Det vanlegaste Google-søket for nordmenn i 2022 var videospelet «Wordle». Her skal ein gjette eit ord på kor mange bokstavar?
17. Kva heiter den mannlege røysta mellom tenor og bass?
18. Kva vert rekna som den mest effektive tyske utrydjingsleiren? Han låg nordaust for Warszawa, og hovudleiren var i drift frå juli 1942 til oktober 1943. Over 900.000 jødar vart drepne her.
19. Kva for eit land har eit territorialkrav i Antarktis som ligg heilt innanfor territorialkravet til Storbritannia?
20. Kven var USAs president i tidsrommet 1974–1977?
21. Kva finsk frase kjend frå varmeomnar tyder «Må ikkje dekkast til»?
Svar på spørsmåla:
1. Gudføderske
2. Inger, Kari, Marit, Ingrid, Liv eller Ida
3. Rafael
4. Hakkespett (Hakkespettar er eit anna namn på spettar generelt. I dag nyttar ein mest det siste omgrepet.)
5. Færøyane
6. Reitan
7. Lus (jamfør lusekufte)
8. Cricket
9. Kjersti Elvik (Ho har fått Amandaprisen for rolla som Anne Holts etterforskar Hanne Wilhelmsen.)
10. 1868
11. Ski stasjon
12. Elvar
13. «Start spreading the news»
14. Cecilie Hellestveit
15. Bringebærsortar
16. Fem
17. Baryton
18. Treblinka
19. Argentina
20. Gerald Ford
21. «Ei saa peittää»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.